ULSÅKSTØLENOpplev stølslivet i flott høgfjellsnatur, under mektige Skogshorn (1728 moh), langs Panoramavegen mot Lykkja.Gamle tradisjonar og nye driftsmåter viser korleis stølslivet har endra seg gjennom 100 år. Mjølka blir sendt med tankbil til meieriet, men ein liten del vert også vidareforedla til rumme, smør og ost på stølen - akkurat som for 100 år sidan. Til stølslivet høyrer også stell av og kost med kyr, kalvar, geiter, gris, høner, kaniner og katt. I den Hallingstua blir det servert tradisjonsrik stølsmat og real "Hallingkost". Kvar dag vil det foregå ulike aktiviteter på stølen. Dette er til dømes stell av dyr, henting av egg, separering av mjølk, ysting, koking av brunost og mjølkeprim eller baking av flatbrød. Opningstider20. juni – 28. august.Laurdag og sundag til og med 10. oktober Kl 11 – 18 PrisarVaksne kr 25,–Born kr 10,– (4 – 14 år) Familie kr 60 (2v + 2b) ServeringKafeterian er åpen frå 11 til 18.Her får du kjøpt ulik støls- og hallingkost, sjå også eigen informasjonsside. SALG AV Velkomen til ein minnerik dag! |





